Trønder1030

I dette prosjektet prøver vi å blir betre kjent med trønderane som levde på Olavs tid:

Det er knapt nokon tidsperiode i norskhistorie det er skreve så mykje om som vikingtida, men det er lite litteratur om det kvardagslege livet, korleis folk fleste hadde det – korleis dei levde liva sine.

Prosjektet TRØNDER 1030 er eit samarbeid mellom Verdal historielag, Verdal bibliotek/Verdal kommune og fleire andre. Her har vi stilt stil tre hovudspørsmål omkring trønderane som levde for tusen år sidan:

  • Kven var dei?
  • Kor kom dei frå?
  • Korleis hadde dei det?

Ved å kombinere historie, arkeologi og medisin ønsker vi å studere folket og deira helse og levekår heilt til bake til tida før 1030. Sjå meir her om «Trønder 1030».

Formidling er ein viktig del av prosjektet TRØNDER1030 , og i heftet «Gamal-Jostein og bygda» har vi i del I spekulert på korleis det kunne vere å leve som ein Gamal-Jostein oppi Sul omkring år 1030.  (Heftet kan kjøpes frå historielaget sin nettbutikk).

I del II i heftet har vi ei oversikt over eit utval lokalhistoriske artiklar frå tida før og omkring år 1030. Det er ein omfattande litteratur, og artiklane er trykt i ulike publikasjonar og over meir enn hundre år. På nettsida her har vi samla artiklane som pdf-filer og kategorisert dei etter tema, så dei er lettare tilgjengeleg.

Dersom du klikkar deg inn på det temaet du er interessert i nedanfor, kan du finne aktuelle artiklar. (NB: Opnar i ny fane!)

Foredrag i prosjektet Trønder 1030:
2023:

"Bønder på land - Vikinger på havet"

1. Anders Svendsen Fortun (11. mai 2023)

Anders Svendsen Fortun er ein lokalhistorisk entusiast som har brukt tallause timar med metallsøkar på åkrane i Verdal og området omkring. Med stort tålmod, lang erfaring og mykje historisk kunnskap, har han gjort mange oppsiktsvekkande funn frå jarnalderen og vikingtida. I dette foredraget fortel han om nokre av funna, særleg dei funna han har gjort i Vinne.
Til opptak av foredraget.

2. Geir Grønnesby (11. mai 2023)

Arkeolog Geir Grønnesby, NTNU Vitenskapsmuseet, er leiar for samarbeidsprosjektet «Bønder på land – vikinger på havet», der dei prøver å balansere bildet av vikingtida ved også å vise kor viktig bondesamfunnet og gardstunet var. I foredraget viser han samlingane av «storhaugar», skipsgraver og handelsplassar frå jarnalder/vikingtid, og kommenterer særleg funna på Mære.  Det vidare arbeidet med prosjektet «Bønder på land – vikinger på havet» er avhengig av finansieringa.
Til opptak av foredraget.

3. Manuel Gabler (11. mai 2023)

Manuel Gabler, arkeolog ved Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU), er ekspert på bruk av laserskanning frå fly, georadar og andre nye teknologiske metodar innan arkeologien. I dette foredraget viser han eksempel på korleis dei nye metodane kan brukast og kva dei viser utan at ein treng å sette spaden i jorda. Bl.a. viser han spennande funn frå Vinne-Valstad, på Stor-Fosna og på Auran-Vinnan, Skatval. (Manuel Gabler døydde i 2024).
Til opptak av foredraget.

2024:

4. "Mimir taler Stiklestad midt imot"

Mímir Kristjánsson (7. februar 2024)

Mottoet for jubileet i 2030, «Norge i tusen år», er basert på sviktande grunnlag. Det er barnelærdom at Noreg vart samla til eitt rike ved slaget i Hafrsfjord i år 872. Å framstille det som at slaget på Stiklestad i 1030 markerte rikssamlinga er misbruk av historia – ei politisk omskriving av norsk historie, meiner Mimir Kristjánsson.
Som del av prosjektet TRØNDER 1030, var Mimir Kristjánsson invitert til Verdal for å reflektere over planene for nasjonsjubileet i 2030, bl.a. etter at han både hadde stilt spørsmål om jubileet i Stortinget. Kristjánsson er stortingsrepresentant frå Rogaland (Rødt), journalist og forfattar, og drøfta fleire spørsmål. Kva er det eigentleg vi skal feire i 2030? Kva er Olavsarven, og kva har alle dei abstrakte verdiane som er omtalt i styringsdokumenta til jubileet med det som faktisk skjedde på Stiklestad? Kristjánsson meiner vi som bur i Verdal bør vere bekymra for at det lokale kan forsvinne i dette nasjonale jubileet. Kanskje kan også Olav den heilage og vikingehistoria forsvinne? 120 personar møtte på Verdal bibliotek 7. februar 2024, og fekk høyre eit engasjert foredrag.
Til opptak av foredraget.

5. "Forbindelser mellom Jämtland og Trøndelag i jernalderen"

Anders Hansson (3. oktober 2024)

Sjefsarkeolog Anders Hansson ved Jamtli, Østersund, har i mange år studert sambandet mellom Jamtland, Herjedalen og Trøndelag i jarnalder og vikingtid. I dette foredraget viser han at i tidlege tider gjekk dei fleste kommunikasjonslinene frå Jamtland og Herjedalen vestover mot Trøndelag. Dette var viktige handelsvegar i lang tid, mens det først seinare vart tettare kontakt austover mot Bottenvika. Kanskje dette kan vere noko av forklaringa på at Jamtland og Herjedalen vart ein del av det norske riket i fleire hundre år.
Til opptak av foredraget.

6. "Samene i Verdal i 1030"

Harald Bugge Midthjell (5. desember 2024)

Arkeolog Harald Bugge Midthjell, oppvokse i Forbregd/Lein, har i mange år vore engasjert av Sametinget med ansvar for sørsamiske fornminner, og er nå (2024) arkeolog ved Trøndelag fylkeskommune. Historia om den sørsamiske busettinga har til dels vori kontroversiell. Ein tradisjon har gått ut på at sørsamane gradvis har flytta inn i Sør-Norge kanskje frå 1500-1600-åra.  Harald og medarbeidarar har nå gjort utgravingar av fleire samiske buplassar, og datert dei til jarnalder og tidleg vikingtid. Det ser difor ut til at  samane var busett i Trøndelag like tidleg som andre nordmenn. I foredraget fortel Harald om dei nyaste funna, og korleis dei er med på å skrive om den sørsamiske historia. (Sjå også: Jünge, Å, Midthjell, H.B: Persson, J, Strand, F.: Samisk historie i Vera og fjella omkring. Verdal kommune, 2024).
Til opptak av foredraget. 

2025:

7. "Herlaugshaugen" av og til er en nagle nok.

Geir Grønnesby, arkeolog og forsker ved NTNU/Vitenskapsmuseet. (6. februar 2025)

Herlaugshaugen på Leka kommune ein av dei største gravhaugane vi har. Snorre fortel om kong Herlaug som heller ville gravleggast enn å underkaste seg Harald Hårfagre. Så da kong Harald kom med hæren sin, gjekk Herlaug gikk inn i haugen og let han kastas igjen. Heiter det i Snorre.
Arkeolog Geir Grønnesby, NTNU Vitenskapsmuseet, var leiar for utgravingane av haugen i 2023, der dei både fann ein skipsnagle, og kunne datere haugen. Her fortel han om funna, og har tankar om Snorre si historie om Herlaug kunne vere rett eller ikkje.
Til opptak av foredraget.

8. "Jernalderen i Norge"

Bokbad med Ingvild Ystgaard, (27. februar 2025)
Bademester: Professor (em.) i medisin, Jostein Holmen.

Ingrid Ystgaard, som er arkeolog ved NTNU Vitenskapsmuseet, kom i 2024 med boka «En kort introduksjon til jernalderen i Norge». I denne samtalen fortel ho om bl.a. karbondatering, om bruken av nøklar og hengelås, klesdrakter, våpen og gravskikkar. Ho fortel også om kulturarven frå hunarane og om samfunnskollapsen på 500-talet, og fleire andre tema.
Til opptak av foredraget

9. "Stiklestad og slaget i 1030"

Øystein Walberg, pensjonert lærer og lokalhistoriker. (29. april 2025)

Øystein Walberg er vår eigen ekspert på geologi og sogetekstar, samtidig som han har militær bakgrunn. Her fortel om korleis han meiner slaget i 1030 arta seg. Han meiner det var Olav som valte ut slagstaden, der det på den tida var ein 400 meter lang og kanskje ti meter høg bakkeskråning mest som ein halvsirkel bak området der kyrkja i dag står. Walberg har rekna ut kor mange mann Olav måtte ha i ein slik situasjon, og meiner at han kan forklare kvifor Olav tapte. Han har også tankar om kva som skjedde med Olavs lik etter slaget.
Til opptak av foredraget.

10. "Tusen års historie fram mot slaget på Stiklestad i 1030."

Professor (em.) Lars F. Stenvik (25. september 2025)

Med bakgrunn i omfattende forskning og solid historisk kunnskap tar arkeolog Lars F. Stenvik oss her med tilbake til jernalderen. Trøndelag – og særlig Innherred – var en viktig produsent av jern i denne perioden. Funn tyder på at produksjonen økte kraftig under de mest intense romerske krigene, noe som peker mot omfattende kontakt og samhandling med Europa allerede i førkristen tid.
Stenvik viser både til «harde» fakta og de lange historiske linjene.  Til sammen gir dette en unik bakgrunn for det kulturelle landskapet og det samfunnet som Olav Haraldsson møtte da han kom over Skalstufjellet i 1030.
Foredraget er et samarbeid mellom prosjektet Trønder 1030/Verdal historielag og Verdal bibliotek. Stenvik er i ferd med å skrive bok om temaet.
Til opptak av foredraget.

11. "Hårek fra Tjøtta og Tore Hund – Hvorfor var de med på Stiklestad i 1030?"

Helgelending, og tidligere kommunelege i Verdal, Dagfinn Thorsvik. (23. oktober 2025)

Vi hører om Hårek fra Tjøtta og Tore Hund hver olsok på Stiklestad, og i Snorre har de fått en viktig rolle. Men hvorfor var de kommet hele den lange vegen nordfra for å være med på Stiklestad, hvor mange mann hadde de med seg, hvordan kom de seg nedover til rett tid, og hvilken rolle spilte de egentlig i slaget?

Dette er noen av spørsmålene tidligere kommunelege Dagfinn Thorsvik tar for seg. Han har røtter på Dønna på Helgeland, ikke langt fra Tjøtta, og har god kunnskap om håløygættene i tida før og rundt år 1030. Både rå maktkamp, personlige motsetninger og religionsstrid kommer her til syne.
Til opptak av foredraget.

2026:

12. "Livet i Hegstadmarka for 1000 år siden"

Gårdbruker og grunneier Olav Einar Hegstad foredrar om gravfeltet og tuftene i Hegstadmarka. (29. januar 2026)

Det er godt dokumentert at området på østsida av Trondheimsfjorden hadde vært et maktsentrum i mange hundre år da Olav kom over Skalstufjellet i 1030. De store gravhaugene rundt Stiklestad er de tydeligste markørene på denne maktkonsentrasjonen, og Hegstadmarka peker seg spesielt ut.

Foredragsholder er Olav Einar Hegstad, som er grunneier av Hegstadmarka. Han forteller her om hva som finnes av historiske minnesmerker i området, både de svære gravhaugene, hustuftene og kokegropene. Kanskje var dette tingstedet for Verdøla fylke i jernalderen. Han forteller også om hvordan området er ryddet og gjort tilgjengelig for publikum, og om planene for en begrenset utgraving, bl.a. for å bestemme mer nøyaktig hvor gamle haugene er.
Til opptak av foredraget.

 

13. "Steinen ved prestegården og spor under alteret"

Roar Hagen-Diez, bankmann, lekmann og lokalhistoriker, foredrar om sine undersøkelser av relikviegjemmer i middelalderkirker i Trøndelag, og på steinen ved prestegården. Har den vært i alteret i Stiklestad-kirka? (18. mars 2025)

Her presenteres nye målinger, materielle spor og kilder som peker mot at steinen ved prestegården kan ha vært en del av kirkerommet i middelalderen. Relikviegjemmer fra flere middelalderkirker i distriktet sammenlignes for å finne likheter og ulikheter. Foredraget viser hvordan funn fra flere trønderske middelalderkirker kan leses i sammenheng - og hvorfor dette bør inngå i kunnskapsgrunnlaget fram mot 2030.
Til opptak av foredraget.

14. "Tormod Kolbrunarskald - Eg leika for lenge med logen"

Lokalhistoriker Roald Veimo har undersøkt Fostbrødrenes saga, Grettes saga, Flatøybok, Snorre (Heimskringla) og Den legendariske Olavssaga og skrevet en liten biografi om den sagnomsuste skalden. (20. mai 2026)

Fortellingen om Tormod Kolbrunarskalds død er sentral i historien om slaget på Stiklestad. For et par år siden ble Roald spurt av noen ungdommer om det finnes noen historiske fakta omkring denne syngende Skalden i Spelet om Heilag Olav? Hva vet vi om denne spennende og mytiske personen?
Til opptak av foredraget.

 

15. "Trønder-DNA i 5000 år - Ny historie om urgamle røtter"

Historiker Sturla Ellingvåg har i over 20 år arbeidet med internasjonale DNA-prosjekter om menneskelig historie:

Ny DNA-forskning viser tidlig indoeuropeisk innvandring til Trøndelag østfra, med en kontinuitet helt opp til våre dager. Hva som faktisk skjedde, er noe forskere har brukt mye tid på å forstå de siste to årene.

Han forteller i dette foredraget fra historien om Stiklestad 1030 ved å følge historien bakover i tid, til jernalderen, den nordiske bronsealderen og før.
Sammen med den nordtrønderske produsenten UpNorth Film er han sentral i en ny TV-innspilling om våre dype røtter mot øst og nord, med planlagt publisering i 2027.

Til opptak av foredraget.

 

Videoopptak av alle foredragene finner du i denne mappa. 

Rull til toppen