Verdal historielags skrifter 53 – Årbok 2018

kr 200,00

I årbok for 2018 er det mye tragiske minner. Ein eller annan – truleg ein utabygdes – skal ha sagt at det er ingen som er så ivrige til å «feire» katastrofar som verdalingane. Og kanskje er det noko i det? Kvart år har vi ei heil veke på Stiklestad der vi markerer slaget i 1030.
I år har vi markert at det er 300 år sidan Armfeldt og hans soldatar herja i distriktet. Og ikkje nok med det – i år er det 125 år sidan Verdalsraset, og det er hundre år sidan «spanska» herja.
Og når svenskane hadde rana bygda, var det ikkje minst kvinner og barn det gjekk ut over, slik det er i alle krigar.
Så er det ein artikkel som gir eit interessant bakteppe av levemåten og kulturen tidleg på 1700-talet, og i tillegg får vi presentert eit spennande forsøk på å vise korleis bygdeborga på Steinsvåttån var i tidlegare tider. Da varden på Steinsvåttån vart tent om kvelden den 11. september 1718 var det siste gongen det minst tusen år gamle varslingssystemet vart brukt i Norge.
Vi kan lese om Vassverksaka, som laga nærast ein ti år lang politisk «unntakstilstand» i bygda, som starta i 1968. Da vart også det kommunale elektrisitetsverket selt, mens vedtaket om SIVA-etablering same året markerte ein forsiktig start på det nye industrieventyret i Verdal.
Det er også eit transkribert intervju med Johannes Dahl og Ingeborg Eriksson. For ikkje-verdalingar kan dette kanskje vere litt vanskeleg å lese, men for gamle innfødde er det omtrent som å høyre foreldra eller kanskje besteforeldra våre snakke.

3 på lager

Produktnummer: 978-82-90-21665-3 Kategori:

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Verdal historielags skrifter 53 – Årbok 2018”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Rull til toppen