Verdal historielags skrifter 52 – Årbok 2017

kr 200,00

Årboka 2017: Verdal historielag har vore ein viktig formidlar av lokalhistoria heilt sidan 1949, og sidan 1976 har det komi ei årbok kvart einaste år.
Historielaget har fått restaurert og lagt kommentar på «Samvirkelagsfilmen» frå 1938-39, som viser eit godt bilde av bygda og av folket like før krigen kom.
Men det er mange andre som også arbeider med historieformidling: Veresspelet har mint oss om at naud, migrasjon, framandfrykt og konfliktar mellom bufaste og innflyttarar slett ikkje er av ny dato.
Malsåspelet har vist ein bit av gruvehistoria lenge før nokon visste kva arbeidsmiljølov og HMS var for noko, mens vi gjennom filmen «I skyggen av oljeeventyret» har fått sjå ei bakside av bygda slik ho var for berre få år sidan – ei bakside mange kanskje ikkje var heilt klar over.
Slik sett står årboka i ein lang og fin tradisjon, og er eitt av fleire bidrag til fortellinga om verdalingane.
Året 2017 er eit merkeår: Kyrkje og stat skilde lag nettopp i år, og det er 200 år sidan Vinne kyrkje vart bygd. Det eldste dokumentet i Statsarkivet i Trondheim – eit brev frå pave Klemens i 1268 om St. Andreas-kyrkja på Haug – er eit minne om kor nært samband det kunne vere mellom Verdal, Nidaros og Roma i katolsk tid.
Arkeologar har funni dokumentasjon på at ein låve på Stiklestad var eit pilegrimsmål så seint som på 1500-talet.
Også i år har vi fått inn mykje og variert stoff. Ein artikkel viser kor tett kontakten kunne vere med utflytta verdalingar i Amerika. Vi kan også lesa om korleis det var å reise til sjøs som ung på 1950-talet, ein utveg for mange i ei tid det var lite arbeid å få i Verdal.

3 på lager

Produktnr: 978-82-90-21664-6 Kategori:

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Verdal historielags skrifter 52 – Årbok 2017”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Rull til toppen