Verdal historielags skrifter 49 – Årbok 2016

kr 100,00

Den 6. juni 2016 sa eit stort fleirtal i Verdal nei til å bli slått saman med Levanger, etter ein lang periode med forhandlingar og engasjerte debattar.
Mange vart overraska, og kanskje særleg levangsbyggene forstod lite av kvifor verdalingane stemte som dei gjorde.
Og identitet er eit nøkkelord også i det lokalhistoriske arbeidet. Kanskje er det identiteten det heile dreier seg om – det å finne røtene og forstå kor vi kjem frå og korleis det var før. På den måten kan vi forstå litt betre kvifor storsamfunnet, bygda og vi sjølve er slik vi er i dag.
Og også i år har vi fått inn mange artiklar som hjelper oss med å forstå røtene våre betre. Stofftilgangen har vore så stor at ei rekke artiklar må ligge over til neste år – eit teikn på den store aktiviteten i historielaget. Tidsmessig spenner artiklane frå gravfunn i utmark frå jarnalderen og Vegard frå Verdal, som levde på 1200-talet.
Vi kan lese om hendingar siste året. Trønder-Avisa, Innherred og fleire andre lånt oss bildar frå hendingane.

3 på lager

Produktnummer: 978-82-90-21661-5 Kategori:

Tilleggsinformasjon

Utgivelsesår

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Verdal historielags skrifter 49 – Årbok 2016”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Rull til toppen