Verdal historielags skrifter 46 – Årbok 2015

kr 100,00

Også i boka for 2015 kan vi lese ei historie om ein verdaling som flytta ut – ein ulvillbygg som reiste til Amerika i 1880. I breva fortel han korleis han opplevde å vere borte frå heimlandet og om uroa han hadde for slektningane heime. Han kom aldri tilbake til Norge, og om han fekk postkortet av Ulvilla, som han håpa på, veit vi ikkje.
I denne boka har vi tre innflyttarhistorier spreidd over eit tidsrom på nesten hundre år. Sameguten Lars frå Karasjok, som vaks opp på ein barneheim, var 17 år då han kom til Verdal. Svenske Karin, som vart gift med ein krigsflyktning frå Verdal, kom hit som 21-åring like etter freden i 1945. Birgitte kom til Verdal i 2012 etter at ho og mannen måtte flykte frå eit brutalt og korrupt regime i heimlandet Kongo. Alle tre er sterke historier som seier noko om den tida da dei kom flyttande, om behovet for å ha ein trygg heim og om korleis verdalingane tok i mot dei.
Vi har tidlegare etterlyst historier frå 1940-, 1950- og 1960-åra, dvs. dei tiåra da mange av oss som i dag er eldre, vaks opp. Og vi er svært glade for at vi har fått slike historier frå ulike deler av bygda. I tillegg har vi fått fleire biografiske historier og eit variert utval av andre større og mindre artiklar.

3 på lager

Produktnr: 978-82-90-21658-5 Kategori:

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Verdal historielags skrifter 46 – Årbok 2015”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Rull til toppen