Verdal historielags skrifter 44 – Årbok 2014

kr 100,00

Årboka 2014 er som vanlig eit produkt frå medlemmene i historielaget.
I tid spenner artiklane frå Heimen i Hallinga, Hallem, som skildrar garden for nesten 2000 år sidan, til ting som har hendt dei siste tiåra, for eksempel erfaringane med utdanning og integrering av innvandrarar frå andre verdsdelar.
Det er i år er hundre år sidan elektrisiteten kom til Verdal. Dessutan fleire historier om oppvekst i tidlegare tider, om utvandring til Amerika, og mange andre.
Det er i 2014 er 200 år sidan vi fekk grunnlova, som er feira på mange vis i løpet av året.
Vi har vore på leiting etter stoff som seier noko om korleis verdalingane opplevde 1814. Selskabet for Norges Vel var ein av dei få landsomfattande organisasjonane som var tillatne under danskestyret, og var ein viktig pådrivar for nasjonsbygginga, der eit eige norsk universitet var ein av dei viktige kampsakene. Mange verdalingar var aktive i selskapet alt i 1812 og viste stor kreativitet med premiar både for slipesteinar og hestepledd. Og Catharina Rebekka Lyng viste så stort engasjement at ho frå 1813 ga Universitetet i Oslo ei halv tønne havre kvart år – ei ordning som sto ved lag dei neste hundre åra. Alt dette er omtalt i boka.
På Bjartnes skreiv major Klüver Bonde-praktika i 1813, ei landbrukslære for bønder. Men vi har få direkte kjelder om korleis den jamne verdaling hadde det. Difor har vi tatt med utdrag frå boka til skotten Samuel Laing, som gjorde vukubygg av seg eit år i 1835-1836.
Dette og mye meir kan du lese i boka!

3 på lager

Produktnummer: 978-82-90-21655-4 Kategori:

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Verdal historielags skrifter 44 – Årbok 2014”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Rull til toppen