Verdal historielags skrifter 43 – Årbok 2013

kr 100,00

I årboka for 2013 er det gått grundig til verks for å finne ut kor det er mest truleg at erkebiskop Øystein kom frå. Erkebiskop Øystein var den mest markante erkebiskopen og heilt sentral for å forstå Olavs-tradisjonen. Ei rekke argument for at erkebiskop Øystein måtte vere frå Verdal og ikkje frå Børsa, slik mange tidlegare har trudd.
Året 2013 har vore prega av at det er hundre år sida kvinnene fekk all menn stemmerett, og vi markerer jubileet både med omtale av eit av dei viktige oppspela – underskriftsaksjonen i 1903 – og med artiklar frå våre to første kvinnelege ordførarar. Vi markerer også at det i år er 120 år sidan Verdalsraset og sidan Hærfossen sit gjennombrot – hendingar som har sett preg på bygda i alle år sidan.
Innhaldet elles er variert. Her kjem tredje avsnitt av Ørmelen si historie, vi får meir av Planteskolen si historie, ein grundig artikkel om tollarane på Ådalsvollen og ein faghistorisk omtale av Vømmøl-kulturen. Vi har fått to ulike livshistorier, ei frå ein liten heim i Ness og ei frå det øvre sosiale sjiktet på Øra først på 1900-talet. Og mykje anna.
I erkjenning av at nokre lesarar kanskje ikkje er lokalkjent i heile kommunen, har vi i år for første gong lagt inn eit kart med markering av nokre av dei stadene som er omtala i artiklane. Kartet ligg heilt bak i boka.

3 på lager

Produktnummer: 978-82-90-21634-7 Kategori:

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Verdal historielags skrifter 43 – Årbok 2013”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Rull til toppen