Verdal historielags skrifter 42 – Årbok 2012

kr 100,00

«Ein god barndom varer livet ut», heiter det. Det same kan vi seie om ungdomstida. Enno på 1930- og 1960-talet var verda lita og oversiktleg.
Det var før alle hadde bil, fjernsyn, datamaskin og mobi, og det meste som skjedde av interesse for ein ungdom skjedde i bygda. Ungdomslaga bygde på eit felles verdigrunnlag, og dei arrangerte møter og festar, oftast med program med noko alvor.
Fleire artiklar i årboka for 2012 skildrar ungdomslaga og noko av det arbeidet dei gjorde. Men i dag er ungdomslaga borte.
Fleire artiklar tek for seg ulike sider av vuku-samfunnet, bl.a. Vuku meieri som var ei viktig bedrift i lang tid, og Vonheim, ein møteplass for både unge og eldre gjennom mange år. Begge er borte, men nedlegginga av meieriet og av Vonheim skjedde ikkje utan frisk kamp.
Både Sul skole og planteskolen på Stiklestad har lange og interessante historier, og historia om Arbeidernes musikkorps, vinnaren av kulturprisen i 2011, held fram. Det gjer også historia om Ørmelen, denne gongen gjeld det perioden 1940-1970. Badstua har fått si historie, først og fremst med Ness-bygda som eit godt eksempel. Dessutan er utviklinga av tannhelsetenesta og den moderne helsetenesta skildra i fleire artiklar.

3 på lager

Produktnr: 82-90216-31-3 Kategori:

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Verdal historielags skrifter 42 – Årbok 2012”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Rull til toppen