Verdal historielags skrifter 40 – Årbok 2011

kr 100,00

Året 2011 vil gå inn i historia med eit uvanleg mørkt kapittel.
Terrorangrepa i Oslo og på Utøya den 22. juli vil i lang tid prege, ikkje berre dei som opplevde hendingane og familiane deira, men heile nasjonen. I årboka markerer vi det som skjedde den 22. juli med to avisartiklar vi har fått lov å gjenge. Den eine er ein artikkel av ein ungdom som overlevde Utøya, og den andre artikkelen er skriven av faren til ein gut som vart drepen.
Før olsok fekk vi ein mediedebatt etter at biskop Gunnar Stålsett hadde foreslått at det burde etablerast eit multireligiøst dialogforum på Stiklestad. Dette skapte sterke kjensler, men dei planlagde demonstrasjonane mot forslaget under olsok vart avlyst. I staden vart det lagt ned blomster utanfor kyrkja som ei minnemarkering av Utøya-tragedien.
Årboka 2011 følgjer solide tradisjonar, og også i år har årbokredaksjonen fått inn rikeleg og variert stoff. Artiklane om fattar ei lang tidsline, og startar med gravfunna i Forbregd-Lein frå bronsealderen/eldre jernalder. Ei dramatisk familiehistorie frå 1830-40-åra blir avslutta med ei tåredryppande skillingsvise på i alt 39 vers.
Krigen er tema for fleire artiklar også i år. Vi markerer dessutan jubileum både for De Værdalske befestninger og for Arbeidernes Musikkorps.
Men enno er det mykje historisk stoff frå 1950- og 1960-talet som ikkje er skrive ned.
Som det går fram er det ein imponerande lokalhistorisk aktivitet og mange dyktige skribentar både i og utanfor Verdal.

3 på lager

Produktnr: 82-90216-49-1 Kategori:

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Verdal historielags skrifter 40 – Årbok 2011”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Rull til toppen