Verdal historielags skrifter 39 – Årbok 2010

kr 100,00

Årbok for 2010: Det er neppe fleire gamle i Verdal enn mange andre stader, men den lokalhistoriske aktiviteten i er imponerande. Av og til kan ein få inntrykk av at mangt var betre før i tida. Mange nemner f.eks. tid og ro og ein betre kontakt mellom folk.
For lokalhistorie handlar bl.a. om åta vare på minner og tradisjonar, både gode og mindre gode. Først og fremst handlar lokalhistorie om å forstå det samfunnet vi lever i i dag, og å forstå oss sjølve.
I Verdal er Olavs-tradisjonen sjølvsagt viktig, og Olavs-kapellet, som i år kan feire 80-årsjubileum, er eit av fleire uttrykk for dette. Men at den katolske relikvietradisjonen på nytt er innført i Stiklestad, er kanskje overraskande for mange. Dette er nokre av tema i boka i år.
Men ikkje alle minner er like gode. I år er det 70 år sidan krigsutbrotet i 1940, og det kjem stadig fram nytt stoff frå krigstida. Likevel er det enno først og fremst dei som var på “den rette sida” som skriv. Årbokredaksjonen etterlyste i vinter historia frå dei som var på “den andre sida”, frå barna deira og også historia til barn av tyske soldatar.
Dessutan går historia framover, “gamle dagar” er ikkje kva dei ein gong var. For eksempel: Kva gjorde fjernsynet og bilen med lokalsamfunna/grendene i Verdal? Kva gjorde industrialiseringa med Verdal? Korleis var det å komme til bygda som innflyttar for 40 år sidan? Det er viktig at også desse bitane av verdalshistoria blir fortalt og tatt vare på.

3 på lager

Produktnr: 82-90216-48-3 Kategori:

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Verdal historielags skrifter 39 – Årbok 2010”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Rull til toppen