«Å SLÅ LØS»
Av skoleinspektør J. Dahl
Folk som no er under 100 år har vanskeleg for å tenke seg nokon annan måte å få opp varme på enn ved å rive av ei fyrstikke.
Men for 100 år tilbake fanst det ikkje fyrstikker. Før den tid brukte dei «eldfør», det var eldstål, knusk og flint. Desse tingane var gøymt i ein liten skindpung, der eit stykke stål, 6-7 cm langt og ca. 5 mm tjukt var gjort fast i botnen på pungen. I pungen var det flint og knusk. Flint fekk dei frå Danmark. Knusk fekk dei av «sopp» som vaks på morkne trær. Det var det fine mjuke laget som låg under den harde utvendige skorpa.
Det var et vidløftig arbeid med å få han så mjuk og fin at han kunne fatte eld av ein gnist. Han vart kokt i lut og gjekk gjennom mange prosesser for han vart brukbar. Dette kalla dei å «røyt» knusken. Når dei så skulle få opp varme, tok dei eit stykke knusk og la på flinta, slo så med stålet mot flinta til ein gnist sette seg fast i knusken så han tok til å gløde. Sa var det å blåse elden over i eit stykke kol, og frå kolet i ein spon så dei fekk ein loge, som dei no kunne tende eld på kva som helst med.
Som ein ser, var det ikkje gjort i ein handvending å kveikje ljos i den tid, men for dei som var vant med det, gjekk det vel nok så svint.
Overgangen til stikker tok til med at dei fekk stikker som hadde eit lite overtrekk av svovel i den eine enden. Denne stikka tok eld når dei sette ho bort i den glødande knusken og dermed hadde dei loge utan å bruke kol. I midten av 1800-talet kom det fosforstikker, som tok eld ved å strykast av på kva som helst, men dei var eldsfarlege og giftige og vart forbode å lage til, og vart avløyst av dei «sikkerhetsstikker» vi no har.
Eg minnest frå først i 1870-åra ein gamal mann i Vuku, som kvar sumar var til fjells for å fiske og var i fjellet fleire døgn. Han hadde med seg alt han trong på turen, millom anna fyrstikker; men han lita ikkje på dem, kom dei til å bli rå, fekk han ikkje opp varme. Difor tok han med eldførpungen.
Hentet fra Årbok 1952

Legg igjen en kommentar