Søk på  historielagets hjemmeside.
Aktiviteter
Styre, utvalg og om historielaget..
Årbøker og diverse publikasjoner...
Kirkene i Verdal
Lenker
Minnesmerker og bautaer...
Verdalsraset...
Diverse presseomtale av historielaget...
Diverse saker...
Gate- og vegnavn i Verdal kommune
Kulturskatter...
Sagn og historier fra Verdal.

Medlem av:
Hjemmesiden til Nord-Trøndelag historielag.

Hjemmesiden til Landslaget for lokalhistorie.

Utskriftsvennlig versjon.

OPPDATERT:
22.02.2016

Startsiden Aktiviteter Kulturskatter Lenker Minnesmerker Organisatorisk Publiksjoner

Vedtekter for Verdal Historielag

1. Verdal Historielag er eit politisk nøytralt lag som har til formål å arbeide fram interesse for og kunnskap om historie og kulturminne i bygda. Agitasjon og anna verksemd som har politisk karakter og siktemål, skal det ikkje vere rom for i laget.

2. Medel som laget rår over, skal ikkje nyttast eller løyvast til anna enn slikt som naturleg høyrer til eit historielag si verksemd.

 

3. Laget vil arbeide for:

a) Møteverksemd, kursverksemd og samrådingsmøter om ymse oppgåver.

b) På ymse måtar samle og verne om alt av historisk interesse, emne, folkeminne med meir frå skrivne og uskrivne kjelder. Stoff som vert samla skal arkiverast slik at det er tilgjengeleg for dei som treng å nytte det. Årsmøtet fastsett stad og reglar for arkivering (eigen instruks). Samla stoff skal mellom anna kunne nyttast i undervisning i skolen.

c) Utgjeving og spreiing av årsskrift og andre aktuelle publikasjonar.

4. Medlemskap
Medlem i laget er alle enkeltpersonar, lag og institusjonar som betaler medlemspengar slik som fastsett av årsmøtet. Lag og liknande som er medlem kan sende utsending til årsmøtet.

5. Årsmøtet

a) Årsmøtet vert halde innan utgangen av mars kvart år. Der skal leggast fram årsmelding, rekneskap og melding frå særutval. Innkalling til årsmøtet skal lysast ut minst 14 dagar på førehand. I særskilte høve på kortare tid. Styret kan kalla inn til ekstraordinære årsmøte.

b) Val
Årsmøtet vel styre med slik samansetning, etter innstilling frå valnemnda:

Leiar: Blir vald kvart år av årsmøtet
Kasserar: Blir vald for 2 år av årsmøtet
Nestleiar, sekretær og styremedlem blir vald for to år av årsmøtet, men konstituerar seg i første styremøte etter årsmøtet.

Av desse er 2 på val kvart år, loddtrekning om naudsynt.

Det skal veljast 2 vararepresentantar for 1 år.

Utanom desse er leiar for kvart særutval fast medlem i styret. Dei andre medlemmane i utvalet er vara for han.
Representantar frå særutval kan òg ha anna verv i styret.

Særutval
Det kan veljast utval for særlege oppgåver.
Særutval kan ha frå 3 til 5 medlemmer.
Leiar og medlemmer blir vald for 2 år, men berre inntil 2, respektivt 3 av medlemmene i utvalet kan vera på val ved kvart årsmøte.

Undernemnder til desse desse kan veljast om naudsynt. Leiar i kvar undernemnd har møte- og talerett i styret, og stemmerett i saker som vedgår nemnda. Leiar kallast inn til styremøta

Revisorar
2 revisorar veljast for 2 år slik at ein er på val kvart år.

Valnemnd
Valnemnda har 3 medlemmer som veljast for 3 år, og slik at berre ein er på val kvart år. Årsmøtet vel nytt medlem utan innstilling frå valnemnda.

6. Oppløysing
Vedtak om å løyse opp Verdal Historielag kan berre gjerast av årsmøtet med 2/3 fleirtal. Medel som laget da rår over, skal nyttast eller disponerast slik som årsmøtet fastsett etter samråd med Verdal kommune.

7. Endringar i vedtektene kan berre gjerast av årsmøtet med 2/3 fleirtal. Framlegg til vedtektsendring eller oppløysing av laget må være kome inn til styret innan 1. januar.


-----------

Vedtatt i årsmøte 11/3-1976,
med endringar i årsmøtet 22/2-1977, 12/3-1998, 27/3-2007, 18/3-2009 og 17/2-2016.