Søk på  historielagets hjemmeside.
Aktiviteter
Styre, utvalg og om historielaget..
Årbøker og diverse publikasjoner...
Kirkene i Verdal
Lenker
Minnesmerker og bautaer...
Verdalsraset...
Diverse presseomtale av historielaget...
Diverse saker...
Gate- og vegnavn i Verdal kommune
Kulturskatter...
Sagn og historier fra Verdal.


Nyheter fra Verdal historielag


Mer om
Jostein Holmen

Om Årbøkene

LAGT UT PÅ NETT:
29.04.11

Startsiden Aktiviteter Kulturskatter Lenker Minnesmerker Organisatorisk Publiksjoner

Historielaget si årbok blir redigert frå Sydney


Årbokredaktør Jostein Holmen: No som før er
vi avhengige av stoffet vi får inn frå alle aktive medlemmer i historielaget.

Jostein Holmen er redaktør for historielaget si årbok. No er han saman med to andre i redaksjonen - Arne Østraat og Bjørn Erik Haug - i arbeid med årboka som skal vera ferdig i haust. Det er og to på varaplass i redaksjonen som er til hjelp - Arnhild Brustad og Marit Hofstad. Arnhild var i fleire år leiar for redaksjonen, medan Marit vart ny medarbeidar på siste årsmøte i historielaget.

Det er andre året Jostein er i førarsetet for årboka, men denne gongen styrer han ikkje arbeidet frå Vestberget i Vinne. For dette året er han ikkje bufast verdaling. Han er på arbeid fleire stader i utlandet. Sidan først i mars har han og kona vori i Sydney i Australia. Seinare skal dei vera eit par veker i San Diego, California, og til slutt to veker i Boston før dei er heime i Vinne første veka i juni.

Kontakt på e-post
- Korleis går det å vera årbokredaktør i Verdal med sete i storbyen Sydney?

- For ein periode går dette svært så bra, og det av to grunnar: For det første er det dyktige folk elles i redaksjonen som tek ansvar og ordnar opp. For det andre har vi stadig kontakt på e-post, - om ikkje dagleg så i alle fall fleire gonger i veka. Så eg får tilsendt manuskript som eg les og redigerer og sender i retur. Om eg sit med slikt i Vinne eller i Sydney speler liten rolle.

Når ein er så langt heimant gir det grunn til å tenkje over noko av forandringane som har skjedd, bl.a. når det gjeld kommunikasjon. Eg har sjølsagt lest ein del australsk historie når eg er her nede. Ho er spennande, sjøl om den 'moderne' historia berre er vel 200 år. Og det var nettopp her i Sydney det heile starta med den første flåten av fangar i 1788. Da hadde dei vori i sjøen i seks-ni månader. Dei kom til ingen ting, det var fattigdom, svelt og hardt militærstyre. Det einaste dei visste var at dei aldri ville komme tilbake til England, og i praksis var all kontakt med dei heime broti. Mykje av dette har vi bl.a. sett på i eit museum her.

Og eg har eg akkurat gjort ferdig ein artikkel til årboka om ein ulvillbygg som reiste til Amerika i 1880. Han skreiv brev til broren gjennom 30 år, det kunne kanskje bli eit brev i året. Han var stadig bekymra for familien som var i Norge, og ønska at han kunne reise tilbake og besøke dei. Men det fekk han aldri.

Vi som er her i Sydney i dag har stadig e-postkontakt med dei heime, og vi har Skype-møter (med video) med barn, barnebarn og kollegaer i Norge og andre stader ein eller fleire gonger i veka. Og på nettet kan vi lese Verdalingen, Trønder-Avisa og andre aviser dagleg.

Skrivelysten er stor
- Veit du no om du har nok stoff til 2011-boka?

- Vi har ein del stoff som vi ikkje fekk plass til i årboka for 2010, og vi har fått inn fleire nye artiklar. Dessutan har vi kontakt med mange som arbeider med stoff, eller som har planar og idear. Det er alt for tidleg å ha den fulle oversikten enno, men det er i alle fall imponerande kor stor interessen og skrivelysten er. Men skal vi få med stoffet i år, bør vi ha det før 15. august.

- I den siste boka var det fleire sider med fargebilete. Vil årboka halda fram med å buke mykje fargar?

- Vi syntes at siste årboka fekk eit løft da vi hadde 40-50 sider med fargar. Så i år tek vi sikte på at det skal bli enda fleire fargesider, - kanskje heile boka blir i fargar.

- Kor gamalt må stoffet vera for at ein kan kalle det historisk?

- Eit godt spørsmål. Vi som er litt oppi åra tenkjer kanskje på 1800- talet og den tida, eller på førkrigstida og krigen. Men for generasjonen etter oss er både 1950-, 60- og 70-åra historie. Det har skjedd så store forandringar på så mange område at dei som ikkje har opplevd det, har vanskeleg å for å forestille seg korleis det for eksempel var før traktoren, bilen, og fjernsynet vart vanleg. Difor er det så viktig at dei av oss som har opplevd dette fortel det og skriv det ned!

Vår identitet
- Kvifor meiner du det er viktig for ei bygd å samle stoff i ei bok om tida vi har lagt bak oss?

- Mykje handlar om å forstå samfunnet vi har i dag, - korleis det har vorti slik det er. For å forstå det må vi kjenne til historia. Dessutan har dei flesta av oss behov for å vite noko om røtene våre, kor vi kjem frå, kven som var der før oss, korleis det var då foreldra og besteforeldra våre vaks opp, osv. Dette har først og fremst med identitet å gjere, - eigentleg handlar det om å forstå kven vi er, og korleis vi har vorti dei vi er. I vår urolege og rotlause tid blir dette viktigare og viktigare, så det kan godt hende at neste generasjon vil ha enda større behov for å forstå historia enn vår eigen generasjon. Så eg trur bestemt at historie- laget vil ha ein viktig funksjon også i åra framover.

- Ingen ting tyder på at Verdal med det første går tom for årbokstoff. Er det noko stoff du saknar, eller synes det er for lite av?

Det er skrevi mykje om krigen, men eg trur det enno er store hol i historia, - det er nesten berre dei som sto på «den rette sida» som har skrevi. Så årbokredaksjonen har fleire gonger etterlyst stoff frå dei som var på «den andre sida» und er krigen. Det har gått så mange år sidan krigen at eg håpar det no er muleg å komme fram med andre historier. Korleis var det f.eks. å vekse opp med foreldre som var nazistar under krigen? Og korleis var det etter krigen? Kanskje får vi ei meir fullstendig og litt meir nyansert historie av krigen og etterkrigstida etter kvart?


Arbeidet med historielaget si årbok
er godt i gang. Her Arnhild Brustad (t.v.) i redaksjonen og grafiker Ada Henriksen. Dei fortel at til no er 60 sider ferdig produsert.

Industrireisinga
Dessutan skulle eg gjerne visst meir korleis det var å komme til Verdal då industrireisinga var på sitt mest hekt- iske i 1970-åra. I dag snakkar vi mykje om integrering. Men korleis vart dei nye verdalingane tatt i mot på den tida, korleis opplevde dei verdalsamfunnet? Her er det sikkert mange som har mykje å skrive om, berre dei oppdagar at dette er viktige bitar i verdalshistoria?

- Lovar du ei interessant og spanande årbok til jul?

Ja, - hittil ser det i alle fall svært så lovande ut. Men som før er vi avhengige av det stoffet vi får inn frå alle dei aktive medlemmene i historielaget. Så dersom du ikkje alt har starta, er det berre å sette i gang og skrive! Seier redaktøren som styrer årbokarbeidet frå Australia.

.......................................
Tekst og bilder: Jon Holmlimo