Søk på  historielagets hjemmeside.
Aktiviteter
Styre, utvalg og om historielaget..
Årbøker og diverse publikasjoner...
Kirkene i Verdal
Lenker
Minnesmerker og bautaer...
Verdalsraset...
Diverse presseomtale av historielaget...
Diverse saker...
Gate- og vegnavn i Verdal kommune
Kulturskatter...
Sagn og historier fra Verdal.
Utskriftsvennlig versjon.

Alfabetisk oversikt over alle  artikler i Årbøkene

LAGT UT PÅ NETT:
27.04.07
Startsiden Aktiviteter Kulturskatter Lenker Minnesmerker Organisatorisk Publiksjoner

Verdalssongen

«Vår eigen dal»,
til melodi av Lars F.B. Minsaas

Verdal, du ligg her med Noreg sitt sterke,
dyraste hjarteblod drøypt i din barm.
Stiklestad lyfter eit strålande merke
bore av Herrens allmektige arm.
Olav ein gong låg på kne her på sletta,
brennande ba han for folk og for land.
Bøna rakk fram, og då jorda var metta,
såkornet døydde, men grodde og vann.

Bringa di brei attmed Trondheimsfjord kviler,
åsane stig imot Kjølen i aust.
Snøkrynte blåfjell i vårsola smiler,
kryp inn i kåpa av skodde mot haust.
Bekkene sildrar i lægder og lier,
elva går leirgrå sin sjølveigne veg.
Ofte ho tek så det sårar og svider,
blømande vollar i grådjupet dreg.

Djervt nedpå Stiklestad-teigen det ljoma:
Kristmenner, krossmenner, kongsmenner, fram!
Gjev dette ropet med velde må koma,
sopa bort alt som er dalen til skam!
Heil deg, du dal, og du døl som eig bu her!
Heil deg, du ungdom som vågar eit slag.
Olav den Heilage bygde deg bru her,
sjå henne, gå henne, no er det dag!

Nauda og gråten var gjester i dalen
tidt gjennom krigar og borkebrødstid.
Mannsblodet dropla i ufred på valen,
kvinnene hadde sin stillslege strid.
Viljen vart skirsla i tidene tunge,
- hardt for ein trønder å bøyast i kne!
Bønene steig ifrå gamle og unge;
atter kom våren med fridom og fred.

Vårnatta mjuk mellom åsane drøymde,
såkornet levde i grornæme mold.
Nattvinden vart over vangane strøymde,
vårblomen vogga på veldyrka voll.
Uventa då steig det skrik ifrå djupet,
dødsklokka svinga sin veldige kolv.
Heimane kvarv i det leirgråe glupet.
Døden fekk sanke inn hundreogtolv.

Dalen er vår. Høyr, det susar i skogen,
hjalar frå fjellet og blenkjer på fjord:
«Her skal du verne med handa på plogen
arven den dyre frå far og frå mor!»
Gud gav oss dalen med emne og grøde,
signe Han alt som i truskap blir gjort,
grunnfeste trygt gjennom medgang og møde
kjærleik til det som i sanning er stort!

Bjarne Slapgard

MUSIKKEN
Musikken på denne siden er henta fra hjemmesiden til Else Margrethe & Magne Varslot.