Søk på  historielagets hjemmeside.
Aktiviteter
Styre, utvalg og om historielaget..
Årbøker og diverse publikasjoner...
Kirkene i Verdal
Lenker
Minnesmerker og bautaer...
Verdalsraset...
Diverse presseomtale av historielaget...
Diverse saker...
Gate- og vegnavn i Verdal kommune
Kulturskatter...
Sagn og historier fra Verdal.
Utskriftsvennlig versjon.

Alfabetisk oversikt over alle  artikler i Årbøkene

LAGT UT PÅ NETT:
27.04.07
Startsiden Aktiviteter Kulturskatter Lenker Minnesmerker Organisatorisk Publiksjoner

Songen til Øra

Av fjorden du stig som eit eventyrland
når natta må vika for dag.
Ein gong langt attende ein plass du deg fann
i hjarta av Nord-Trøndelag.
Du kravde så lite av rom og av ry,
men grunnen var lagt til ein framtidas by.

Trass uår og fattigdom vaks du deg sterk.
Du bøygdest, men aldri du brast.
Og soner du fostra til stormannaverk,
til dåd som i minna står fast.
I kjærleik og truskap dei stridde og vann.
Og namnet ditt flaug over by, over land.

Det frø som dei sådde i magraste mold
gav rikdom til seinare tid.
Vi ser det ber grøde i hundrede fold
i handel og stor industri.
Det blømer ikring oss så langt vi kan sjå,
og tanken fer lenger enn auga kan nå.

Og kring deg ligg bygdene staute og stø
Med rikdomar gøymd i si mold,
der folket med takk finn sitt daglege brød,
på eng og på grøderik voll.
Eit oppland så rikt står ikring deg som vakt.
Det susar i skogane: «Samhald er makt.»

Di framtid er vår, og vi kjenner vår plikt.
Din framgang skal vera vår løn.
Du er i vår tanke i draumar og dikt,
i arbeidet, og i vår bøn.
Og vi vil ta vare på arven vi fekk
og fylgja den vegen som fedrane gjekk.

Vi helsar deg, Øra, vår heim og vår borg,
vår kjæraste stad her på jord.
Du tek oss i famnen i glede og sorg.
Du er for oss alle ei mor.
Ja, her har vi heime, og her vil vi bu,
og byggja vår framtid i von og i tru.

(Hentet fra Årboka 2006)