Søk på  historielagets hjemmeside.
Aktiviteter
Styre, utvalg og om historielaget..
Årbøker og diverse publikasjoner...
Kirkene i Verdal
Lenker
Minnesmerker og bautaer...
Verdalsraset...
Diverse presseomtale av historielaget...
Diverse saker...
Gate- og vegnavn i Verdal kommune
Kulturskatter...
Sagn og historier fra Verdal.

Begge historier av arkivassistent
Andreas Myrmo

Alfabetisk oversikt over alle  artikler i Årbøkene
Årbokoversikt

LAGT UT PÅ NETT:
15.11.2007

Startsiden Aktiviteter Kulturskatter Lenker Minnesmerker Organisatorisk Publiksjoner

Utruleg men sant (Hjelp frå tussefolket)

Ein husmann oppe i Helgådalen hadde ei sterk tru på at tussane var med og hjalp honom i hans daglege arbeid. Han hevda at det galdt berre om å stella seg slik med tussefolket at ein var til vens med dei.

2 artikler hentet fra Årbok for 1950,
2. årgang
Verdal Historielag
Redaktør: Arkitekt Oddmund Suul

Kom ein derimot på kant med dei underjordiske, kunne dei vera vrange, ja, beint fram gjera ugagn både mot folk og fe. (tusser)

Ein gong hadde denne mannen vore med kverna i Ulvilla og male. Det vart seint på kvelden før mjølet hans var ferdigt og han kunne ta på heimeveg. Det hadde nyss kome ein klatt med blautsnø så føret var tøvigt og kjelken, som vinters tid var husmennenes transportreidskap den gongen, var tung å dra. Då han kom austom Brekka vart kjelken med eitt så lett, den gikk liksom av seg sjølv, men han torde ikkje snu for å sjå kva det var.

Han var nesten viss på at no hadde tussane kome honom til hjalp, og snudde han seg kom han til å skræma dei bort. Han sette difor farten opp, for det galdt å nytta hjelpa medan ein hadde ho. Det tok difor ikkje stort meir enn ein times tid før han var heime og han var glad for at det hadde gått så lettvint med kvernferda hans denne gongen.

Men då han snudde seg for å få ein glimt av småkarane i topphuva, som var så flinke til å skuva på lasset hans, vart han lang i andletet, for kjelken og mjølsekken var ikkje med. Det var berre kjelkstauren og den taugstumpen han bruka over aksla, han hadde med seg. Kjelken og mjølsekken fans att straks austom Brekka på den plassen han trudde tussane tok til å skuva.


Sokneprest Peder Johan Brandt, 36 år gamal

Ei lita soge om presten Brandt

Brandt var nok ein myndig herre som av og til kom i strid med sine soknebarn. En gang kom Brandt i strid med ein av mennene i Aksnesgrenda. Brandt hadde nekta denne mannen å gå til alters, og det fann han seg sjølvsagt ikkje utan vidare i, for i gamle dagar sette de denne retten høyt. Arsaka til striden var vel at presten tykte han fikk i snauaste laget med prestetiend frå desse gardane.

For å få ei ordning på denne saka gikk mannen ein dag til prestegarden for å tala med presten, men Brandt var vrang og gav både denne karen og grannane hans det glatte lag, og skal, etter det folk har fortald, ha kome med fylgjande lekse:

- «Det er Tuset og Aksnes, søndre og nordre, øvre og nedre, og Høgen og det rateriet. Jeg har ikke fått noe i fra Dere. Den ene fanten kommer og den annen drar, jeg vet hverken hvor de kommer fra, eller hvor de drager hen.»

Det vart seinare rettssak av denne striden, og presten måtte gi tapt.