Søk på  historielagets hjemmeside.
Aktiviteter
Styre, utvalg og om historielaget..
Årbøker og diverse publikasjoner...
Kirkene i Verdal
Lenker
Minnesmerker og bautaer...
Verdalsraset...
Diverse presseomtale av historielaget...
Diverse saker...
Gate- og vegnavn i Verdal kommune
Kulturskatter...
Sagn og historier fra Verdal.

Av skoleinspektør
J. Dahl

Alfabetisk oversikt over alle  artikler i Årbøkene
Årbokoversikt

LAGT UT PÅ NETT:
16.11.2007

Startsiden Aktiviteter Kulturskatter Lenker Minnesmerker Organisatorisk Publiksjoner

Stolmakaren Jo Helmoen

Jon Olsen Helmoen var fødd på Volden i Vuku 1804 og døydde på Helmoen 1879. Som ungdom var han gardsdreng på Breding. I 1831 vart han gift med Kari Pedersdtr. Arnsve.

Hentet fra Årbok for 1951,
3. årgang
Verdal Historielag
Redaktør: Arkitekt Oddmund Suul

I midten av 50-åra tok han over som leilending under Verdalsbruket garden Helmoen i Helgådalen. Han må ha vore ein dugande jordbrukar, for i hans tid vart det dobbelt så stor buskap på garden som i formannen si tid. Han var hendt både som smed og snekkar, og gjorde sjølv alt han trong både av reidskap og innbu. Om vinterkveldane gjorde han trekoppar av ymse slag som han selde.

Men så spesialiserte han seg på stolar. Han laga seg ein svarvestol med eit svært stort hjul som måtte sveivast med handmakt. Alt, like til spindelen, gjorde han sjølv. Det var grovt og sterkt, men høveleg til det han skulle brukast til. I denne stolen svarva han på hundradtal med stolføter gjennom dei mange år han levde. Det var vinterarbeidet hans dette.

Ho Kari var med og trakk det store hjulet. Han Jo meinte ho skulle tene meir med dette enn med å spinne stry for 4 skilling marka. I håbollen leste han på store lass med stolar og for utover bygdene og selde. Han var heilt bortover til bygdene kring Steinkjer og selde stolar, og prisen skulle ikkje skremme noen, 2 ort stykket. Dei var mykje etterspurd.

I Verdal var det vel knapt noen gard der det ikkje fanst helmostolar. Denne stolen var gjort av bjørk, berre setet og ei lita fjøl i ryggen var av gran.


Helmostolen (Foto: Einar Suul 1952.)
Denne stoltypen er som bygd saman med dei store bonde- stovene, enkel, solid og sterk. Det finst enno mange som har vore brukt jamt eit par mannsaldrar, men enno er like stødige. Dei høver ikkje i ein salong mellom puter og polerte møbler.

Men på ein gard i Sparbu hadde dei fått dei måla smakfullt og sett dei i bestestova. før den tid. Ein skulle helst tru at det er Jo Helmoen som er far for dei, så har Per Dreiar teke same modell.

Både fordi den er stedegen for Verdal, og fordi det er ein pen og praktisk kvardagsstol, ville det ikkje vera av vegen 'om noen av våre arkitektar såg han over og ville uttale seg om han var verd å koma i bruk att.

Det emne jo brukte var bjørk, som det var nok av i Helmomarka, og for Verdalsbruket hadde ho den tid lite verd. Men på sine gamle dagar vart han forbode å ta bjørk til slikt bruk. Han måtte da slutte med dette arbeidet. Han gjorde likevel noen stolar etter den tid, men for at dei ikkje skulle verta kjende, laga han dei med heil rygg.