Søk på  historielagets hjemmeside.
Aktiviteter
Styre, utvalg og om historielaget..
Årbøker og diverse publikasjoner...
Kirkene i Verdal
Lenker
Minnesmerker og bautaer...
Verdalsraset...
Diverse presseomtale av historielaget...
Diverse saker...
Gate- og vegnavn i Verdal kommune
Kulturskatter...
Sagn og historier fra Verdal.

Av lærar
Peder Brønstad

Alfabetisk oversikt over alle  artikler i Årbøkene
Årbokoversikt

LAGT UT PÅ NETT:
17.11.2007
Startsiden Aktiviteter Kulturskatter Lenker Minnesmerker Organisatorisk Publiksjoner

Blanken - Ola Lagesen

De va'n stortjyv dem kalla «Blanken». De va'n Tale kar de, ska æ sei de. Sterk va'n å. Han braut åv en spiller ny munderingsbjørkstav millom tommelfengrom på Skjækkermoa. Så va e en gong han va på Fersdala.

Hentet fra Årbok for 1951,
3. årgang
Verdal Historielag
Redaktør: Arkitekt Oddmund Suul

Han ha hest å den gongjen, men ingen kjørdn. Einnele fekk'n da lån seg en slea. Men da Blanken va reist – han skull te Sul – forteld dem manna ka slags kar Blanken va å sa, at «slean sjer du aller meir». Ja, så vest'n no itt rettele kva'n skull gjårrå. Men så la dem om denu råa, at'n skull spør'n Dala-Jerik* om'n villa fårrå ætte. Ja, hann Dala-Jerik speint på se skiin å la ætte te Sul. Å da'n kom på Sulstugårn, kom Blanken tu stalla me hesta å skull spenn fer. Men da'n ha spennt fer, på ei si gjekk'n Dala-Jerik å spent ifrå. Så gjekk dem om kerenner den karan nån gonga. Blanken spent fer, å'n Dala-Jerik spent ifrå. Teslut vart Blanken gælin å sa:

- «Tå slean å reis me om, å læt'n aller kommå fer min auga meir! Gjer'n de ska æ knåsså'n te gryn.»

Hann Dala Jerik to slean å drog'n mett fer vinnauga på Sulstu-gåra å gjekk inn. Blanken kom ætte å spord om'n villa tå i tak om i pott brennvin. Ja, meint'n Dala-Jerik, taft'n så va'n no kar te å bestå a, å. De føst græppe va, at Blanken speint tå se livgjord-reima å hov a borti i rå, å så rauk dem ihop. Men dem sa de, dem som haurd på, at de va som de skulla vørri to gragampa innpå golvi. - De va no ingen som torn vårrå in tå de enner. - Ja, ner dem ha hylly på i stunn, så skjønt dem bå to, at ingen vart meister. Så to Blanken opp i spiller ny søll-ort å ga om Dala-Jerik å sa:

- «Tå denna, du! De e artikt å træff en stakkall en gong imillom.»

Ola Lagesen var ein original i mange måtar, både av utsjånad og i måten å fortelja på. Han gikk alltid med ei gamalldags skinnveske med reim over eine skuldra og ein heimgjort krokstav. Han ville gjerne «tållå», som han sjølv sa, fortelja segner og søger. Han visste mykje frå gamaltida og fortalde alltid utan overflødige ord og med eit underleg minesjel. Mitt i ei soga kunne han brått stana. Då sat han stille med open munn og stirande augo. Det var som han sat og såg attgjenom tidone til han fekk tak i både «Blanken» og «Dala-Jerik» og «Gammel-Holsten».

Når han var ferdig med ei soga, hadde «tållå» ifrå seg, kunne han atter bli sittjande still og stira, reint borte frå alt. Når han så vakna til kunne han segja:

- «Å ja, det hi vørri øms, å de bli vel øms, å.»

Han sa sjølv, at han var født 1824 og var son til Lage Ottmoen som var «nordbygg», som Lagesen sa, og som låg på «utkommando» på Brattåsen i krigsåra, 1808-09 saman med m. a. Gunnar Dæli, «Spellmann Gunnar», frå Snåsa o. m. fl., alle av «Enåsens Skiløber-kompagni». Han som hadde «kommandoen» var kaptein Holst - Gammel-Holsten på Stiklestad. Både Lage Ottmoen og Gunnar Dæli var oppassara til kapteinen. Kvar kveld før kapteinen la seg, slo han i ein dram til kvar av oppassarane sine og la eit brødstykke over kvar dram, og ordren var, at straks om morgonen skulle dei ta kvar sin dram. Skiløperkompagniet hadde vakthaldet frå Brattåsen og «søover åt Bellinga». Kvar patrulje hadde med frå Brattåsen skrevne meldingar som dei la under ei stor fururot att med Stor-Bellingen. Der tok dei også imot meldingar frå det næraste område sør for Bellingen. Lagesen var glad når nokon ville høyra på han. Han sat på ei høyruke i «Tømtbrekka», stødde seg på krokstaven og fortalde om «Blanken» og «Dala-Jerik» og «Utkommandon». «Å ja, de hi vorri øms, å de bli vel øms, å.»

Då Lagesen i høg alder vart sengeliggande kom soknepresten ved eit misstak inn i kamerset der Lagesen låg og sa då:

- «Her har vi jo også en gammel mann.»

Presten hadde vore i soknebud til ein gamal mann, ein annan stad og hadde sett inn hesten der Lagesen var. Lagesen låg og stirde på presten og sa:

- «Ke di e fer en mann, di?»
- «Det er presten!»

Men Lagesen var dauv, låg berre og stirde. Presten ropte då:

- «Det er sognepresten, ikke den nye presten!»

Då høyrde Lagesen og sa:

- «Så ja, så ja.»

Presten sa då:

- «Ja, De er gammel og skrøpelig og må tenke på, at De snart kan bli kaldet bort.»

Lagesen låg og stirde som før og svara så:

- «De hi mengong (alltid) vørri så me meg, at æ hi villa prøvd å berg meg sjøl.»

Presten rista berre på hovudet og sa:

- «Han var skrekkelig døv!»

Då det leid mot enden med Lagesen, sa han for korleis gravferda skulle vera og slutta med desse orda:

- «A når vi kjem ifrå kjerka, så te vi oss 'n karsk.»

Det var skikk og bruk mange stader for femti-seksti år sidan, at dei brukte «å ta seg ein karsk» eller pons om kvelden. når dei sat saman, gravferdsdagen. Det var slik det skulle vera, når gjæve folk for or heimen. Det kunne bli fest og god stemning i laget, når alt gjekk som det skulle, og Lagesen hadde vore med i mange lag, vore glad med dei glade og ville også at dei skulle vera glad denne gongen, og ville vera med sjølv i laget. Han låg der og stirde som før, og opplivde gravferda på forskot. Han høyrde kanskje helst heime i Valhall den gamle sogemannen?

Ættlingar etter Lagesen finst i U.S.A. Borna hans reiste over «Blåmyra» som så mange andre og tok seg godt fram der.

Når det gjeld «Blanken», så har Andreas Ystad i boka «Ættetavler frå Innherad» under VIII, Okkenhaugætta, side 92, og vidare utover gitt nokre opplysningar, såleis nemner Ystad at «Blanken» - Johannes Kristoffersen Blanch - var født 1733, at faren var dømt til slave på levetida for stulder, kyrkjeran og mykje anna gale. Johannes Blanch er nemnt i rettsbøkene. Han var «meget høi af Vekst, rund og bredskuldret, tykke Arme og Ben, rund og rødladen af Ansigt med blaa Øine og brunt Haar og Skæg». Det var altså ein kjempekar. Denne Blanken var hovslagar, smed, sølvsmed, hestgjeldar, kjelflikkar eller doktor som det høvde til. Han for landet rundt og plundra og stal og røva heilt frå Finnmark og radt sør til Hardanger og Oslo. Hausten 1776 og hausten 1778, heldt han til i leitet kring Gauldalen, Røros og Tynset.

(* Jerik, d. e. Erik.)