Søk på  historielagets hjemmeside.
Aktiviteter
Styre, utvalg og om historielaget..
Årbøker og diverse publikasjoner...
Kirkene i Verdal
Lenker
Minnesmerker og bautaer...
Verdalsraset...
Diverse presseomtale av historielaget...
Diverse saker...
Gate- og vegnavn i Verdal kommune
Kulturskatter...
Sagn og historier fra Verdal.
«Bjarne Slapgard
hadde gitt sin familie beskjed om at alle gjenstandane som var relatert til hans skriveverksemd skulle donerast til Verdal kommune og
plasserast på biblioteket.
»
!
KURS
i regi av
Verdal historielag
OPPDATERT:
17.03.15
Startsiden Aktiviteter Kulturskatter Lenker Minnesmerker Organisatorisk Publiksjoner

VERDALSROMMET - Bjarne Slapgards gjenstander og Verdal historielags komplette boksamling

På Verdal bibliotek finner finner du, foruten manuskript og mange gjenstander fra Bjarne Slapgard, også en komplett samling av Helgådalsnytt , samt bøker fra andre forfattere fra Verdal. Rommet er bygget opp omkring forfatteren Bjarne Slapgard. Etter hans død i 1997 fikk biblioteket donert møblene fra hans kontor og en del annet som står til utstilling der.

BJARNE SLAPGARD
Bjarne Slapgard døde 25. desember 1997. På nyåret tok hans dotter Gunnveig Slapgard Lein kontakt med biblio- teket.

Bjarne Slapgard hadde gitt sin familie beskjed om at alle gjenstandane som var relatert til hans skriveverksemd skulle donerast til Verdal kommune og plasserast på biblioteket. Det ble samtidig oppretta eit fond; Astrid og Bjarne Slapgard sitt minnefond, som eit fondsstyre oppnemnt av kommunen skulle forvalte etter ekteparet sine intensjonar.

To store bilete, eit av forfattaren og eit av den fullstendige versjonen av «Verdalssongen», ble overlevert til kom- munen med ønske om at det måtte bli plassert på Stiklestad Nasjonale Kultursenter.

Som pensjonist besøkte Slapgard biblioteket regelmessig i samband med at han besøkte søster si i Verdal. Han var æresmedlem i Verdal historielag og ivrig brukar av lokalsamlinga ved biblioteket.

På nyåret 1998 fikk biblioteket overlevert skrivepulten som forfattaren sjølv hadde laga mens han budde i Leirådal, stol, skinnveske, skrivemaskin, æresteikn av forskjellig slag, stempel, bilete og mange andre gjenstandar.

Blant dei sjeldnaste gjenstandane var ei «seljesule med eldgamle håvåll-band» etter bestemora. Den hadde for- svunne i Verdalsraset, men vart seinare gjenfunne og tatt vare på. Den er framleis full av leire.

Manuskriptet til «Tonen din, Åsta» vart også gitt til biblioteket. Andre manuskript vart levert til NTNU for oppbe-varing der.

På Verdalsrommet er dei fleste gjenstandane kommunen fikk utstilt permanent, mens ein del bilete og mindre gjenstandar er av plassomsyn lagra i magasinet.

Unik gåve til biblioteket (hentet fra årbok 1998)

Verdal bibliotek mottok i vår ei nokså spesiell gåve frå eit over- raskande hald. Som ein takk til Verdal kommune, ville familien til Bjarne Slapgard at nettopp Verdal bibliotek skulle få overta hans skrivepult som dei fleste av hans bøker er blitt skapt på.

Ja, ikkje berre pulten, men også den tilhørande stolen, papir- korga, og til og med den gamle svarte telefonen hans er å finne på skrivepulten saman med ei rekke av bøkene hans.

På bildet kan vi sjå biblioteksjef Bjørg Lein sit og les frå ei av Slapgard sine bøker: «Dikt frå dagboka.» Ein stor takk til familien.

Se flere opplyninger om Bjarne Slapgard i WikipediA nettleksikon